160 ledige stillinger i Nord-Gudbrandsdalen

Om du er på utkikk etter nye utfordringar, bør du følgje med 11. desember. Da blir det lyst ut over 160 ledige stillingar i Nord-Gudbrandsdal. Saken er publiser på GD.no 11. desember 2018

Kanskje du har lyst til å bli ein av dei få i verda som er moskusguide på heiltid. Den 11. desember publiserer Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal årets Stillingsslepp på komtiloss.no. Årets slepp er det klart største så langt, med over 160 ledige stillingar. Målet med Stillingssleppet er å vise at Nord-Gudbrandsdal har mange gode stillingar.
– Mange ønskjer å flytte til regionen, men leitar ikkje eingong etter arbeid her, fordi dei ikkje trur det er mogleg å finne. Stillingssleppet vil forhåpentlegvis motbevise dette, fortel prosjektleiar Ida Amble Ruge.

Variert

Komtiloss.no

Det er nesten ikkje måte på kva folk har å velje i. Det blir lyst ut alt frå moskusguide på heiltid til psykolog.

– Her er det noko for dei fleste, seier prosjektleiaren. Ho nemner mellom anna økonomar, psykologar, kommunalsjefar, tømrarar, webutviklar, sjukepleiarar, ingeniørar, moskusguidar, helsefagarbeidarar, sjåførar, hyttevertar som nokre av det folk kan søke på.

Arbeidsmarknad

-Vi er godt nøgde med å ha fått med så mykje forskjellig, seier prosjektleiar Ida Amble Ruge. Dette sleppet viser at Nord-Gudbrandsdal har mange attraktive stillingar, og set regionen på kartet som ein god arbeidsmarknad. Eg trur dei fleste som ønskjer, finn relevant arbeid her.

-Vi håpar at Stillingssleppet vil gje både lokale og potensielle tilflyttarar ei moglegheit til å finne arbeid i regionen. Dette vil vera positivt for regionen som heilskap, og ikkje minst det lokale næringslivet som forhåpentlegvis får mange gode søkarar på sine ledige stillingar.

Attraktive

Prosjektleiar Ida Amble Ruge legg fram over 160 ledige stillingar.
Prosjektleiar Ida Amble Ruge legg fram over 160 ledige stillingar. Foto: Bjørn Brandt

Det har vore god mobilisering frå heile regionen i dette sleppet. Næringslivet er godt representert, og det er stillingar frå alle kommunane.

-Og vi har med nokre ettertrakta godbitar, seier prosjektleiaren. Blant anna kanskje verdas einaste, 100 prosents moskusguide.

Stillingssleppet har vist seg å fungera godt tidlegare, og har resultert i fleire nye innbyggjarar i Nord-Gudbrandsdal.

– Det gjeld å vera tidleg ute med å sjå på stillingar på Stillingssleppet. Nokre av stillingane har kort frist og oppstart rett over nyåret, slik at ein må søke berre nokre dagar etter sleppet. Andre stillingar er meir sesongbaserte, med søknadsfrist godt over nyttår, fortel prosjektleiaren.

Alle stillingane blir lagt ut på www.komtiloss.no den 11. desember.

Besøk Facebooksiden til Komtiloss.no her

Les mer om Gudbrandsdalen

Design av Ferskvann - Utviklet av Vangen & Plotz